mandag 14. september 2009

Heimeside

Vi har no fått oppretta ei heimeside, med veldig god hjelp av Mats Johansen. Tusen takk for hjelpa, sida vår blei kanonbra! :)

Følg oss vidare på:                 www.littlestranda.com 

søndag 6. september 2009

Strandadagane vart ein stor suksess

Strandadagane vart ein stor suksess for Little Stranda. Vi hadde stand laurdag, med salg av sveler og kaffi og bøsser til å samle inn pengar i. Sluttsummen er vi kjempefornøgd med: Vi fekk inn heile 10.500 kroner!! Dette er heilt fantastisk, og tusen hjerteleg takk til alle bidragsytarane. Oppmøtet på standen vår var langt over det vi hadde forventa oss på førehand, og vi fekk massevis av positive tilbakemeldingar. Blant dei var det ein mann som sa til oss at "Dette prosjektet er det beste som har vore blant unge vaksne på Stranda på mange år!" Slike ord varma langt inni hjerterota vår på ein gufsen septemberdag :)

Her ser de eit bilde av ein av grunnane til den store suksessen vår: Steikje gode sveler! Alle ingrediensane til standen vår (bortsett fra batch nummer 2 av svelerøra som Kari Janne kom med.....) er sponsa av Rema 1000 på Stranda. Tusen takk!

Vi hadde ambisjonar om å kanskje selge 60 sveler + kaffi, dette anslaget viste seg å vere skrekkelig feil! Vi solgte antakeligvis meir en dobbelt så mykje, og måtte faktisk ringe Katrine si stemor Kari Janne for å få ho til å komme med meir røre. Ho redda på mange måtar dagen vår, for det hadde blitt litt pinleg å gå tom klokka 13.... Klokka 15 var runde nummer to utsolgt, og da ga vi oss for dagen. Masse liv og røre i sentrum denne dagen, så det var nok fleire enn oss som gjorde det godt under Strandadagane. Godt gjort Stranda!!

Standen vår var grønn og fin, som seg hør og bør :) Fantastisk fint banner med logoen vår, laga av CC Reklame på Ikornnes.


2 av oss 3 som gjorde ein bra innsats på standen vår, Christina til venstre og Maiken. 

Heimesnikra tavle for høvet. Maxbo i Sykkylven sponsa huntonittplata, og Stranda bok og kontorservice sponsa tavlemaling. B.S.Aure Jernia i Sykkylven bidrog med kritt. Mange takk til dokke.

Nokre av mødrene våre kom også og støtta!

Maiken og Katrine kan glade konstatere at dagen har vore suksessfull! 
Benjamin ville også hjelpe til med å samle inn pengar :)

I tillegg vil vi takke Nils Einar som til beins henta mykje stein til oss! Utan han så hadde kanskje standen vår havna på fjorden :)

Vi fekk dessverre ikkje tatt bilder når det var mest liv rundt standen vår, men periodevis hadde vi veldig mange i kø for sveler, og det var full rulle! Vi hadde det veldig kjekt, og kunne raskt konstatere at dette skal gjentakast. Kanskje vil vi lage til noko liknande under Alperittet?

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM BIDROG TIL Å GJERE DETTE TIL EIN FANTASTISK DAG FOR OSS I LITTLE STRANDA! VI SETT STOR PRIS PÅ STØTTA, OG ER VELDIG STOLTE AV HEIMBYGDA VÅR :)  

onsdag 2. september 2009

Strandadagane nærmar seg...

Strandadagane nærmar seg med stormskritt, og vi er klare! Vi skal ha stand på Sløgstad laurdag, og håper på godt oppmøte. Gruppa vår på Facebook tyder i alle fall på at det ikkje manglar engasjement ute i bygda vår, og elles rundt om i landet. Vi er veldig takknemlige for alle dei positive tilbakemeldingane vi stadig får, det gir oss ekstra motivasjon! Men sjølv om vi no har runda 520 medlemmer på Facebook, så er det ikkje store endringane på kontoen vår, så vi har enno ein verkeleg lang veg å gå. Men vi vil gjere så godt vi kan laurdag for å snakke om prosjektet vårt, så vi håper fleire vil sjå at dette er ei kjempegod sak å støtte, og legge igjen litt pengar på bøssa - eller overføre på nettbanken. (Vi kjem til å dele ut flygeblad med kontonummeret vårt som er: 1254.20.44886, samt ein kortfatta presentasjon av Little Stranda og Sabona, samarbeidspartneren vår.) Håper mange tek turen bortom og slår av ein prat på laurdag, ingen er forplikta til å gi ei einaste krone! Vi skal også selge sveler og kaffi på standen vår.

Vi har fått eit par spørsmål i etterkant av artikkelen i Sunnmøringen, som går på det som var skrive om at vi ville reise til Zimbabwe for å sjå etter at prosjektet er sluttført. Vi vil no nytte høvet til å presisere at dersom denne reisa blir gjennomført i det heile tatt, så går det SJØLVSAGT av vår eiga lomme, og ikkje ei krone av dei innsamla midlane. Alle som støtter prosjektet vårt, kan føle seg trygge på at kvar ei krone kjem denne skulen til gode, uten dyre mellomledd og administrasjon. Derfor: DET NYTTER Å GI!!! Det er ein av mange gode grunnar til at vi valde å samarbeide med nettopp Sabona; dei jobbar på grasrotnivå, dei er tilstades i Zimbabwe, og pengane blir brukt på det dei meiner er aller mest naudsynt, i tett samarbeid med lokalbefolkninga der. Vi vil råde alle til å sjekke ut Sabona sine nettsider (www.Sabona.no). Dei er under oppdatering, men de vil finne mykje informasjon om ulike prosjekt dei har og har hatt i Zimbabwe. 

Vi sjåast i sentrum på laurdag!! :)

Skrive av Katrine


onsdag 26. august 2009

Artikkel fra Sunnmøringen 26.08.09

Her er resultatet av intervjuet vi hadde forrige uke med Sindre Omenås i Sunnmøringen.

Vi fekk oppslag på førse side og heile side 3. Håper så mange som mulig vil besøke Standen vår på Strandadagane 4.-6.september.

– Vårt Live Aid

Sju jenter frå Stranda har starta innsamlingsaksjon for å byggje ein skule i Afrika. Prosjektet kallar dei «Little Stranda».Veninnegjengen seier dei vil tigge skamlaust det neste året, for å nå målet om å restaurere ein skule for rundt tre hundre barn i
Zimbabwe.

– Vi skal setje Stranda på kartet, men då treng vi hjelp av mange gåvmilde strandarar, seier Marita Solli (t. v.), Katrine Bjørstad Langlo, Christina Aasen og Maiken Kjølås.


Ein veninnegjeng frå Stranda har starta eit prosjekt dei kallar «Little Stranda», der dei vil skape
ein god skule for rundt 300 elevar i Dobota i Zimbabwe.

Det starta som ein ide, som etter kvart har vekst seg så stor at jentene ikkje våger å seie kor mykje dei har sett som mål å få inn i løpet av denne private innsamlingsaksjonen.

– No skal vi bruke alle midlar for å samle inn mest mogleg fram til neste sommar. Så får vi til slutt vurdere kor mykje vi får gjort ved skulen i Zimbabwe, seier Marita Solli.

Sjølv om jentene samarbeider med den veldedige organisasjonen Sabona, er dette eit prosjekt der jentene frå Stranda har full regi over.

– Little Stranda har eigen konto, og det er vi som avgjer korleis pengane blir brukt. Fordelen med å samarbeide med ein mindre organisasjon som Sabona, er at vi kjem tett på prosjektet og at vi er trygge på at alle pengane vi samlar inn går til denne skulen, seier Solli.

Ressurssterke
Ho er ei av dei sju jentene som står bak dette solidaritetsprosjektet. Marita Solli, Live Slettvoll Myklebust, Anette Døving og Stine Giskehaug bur i Oslo, medan Christina Aasen, Katrine Bjørstad Langlo og Maiken Kjølås er tilbake på Sunnmøre.

– Det starta som ein Strandaklubb, for å sikre at vi klarte å halde den gode kontakten vi har i dag, forklarar jentene. Den moderne jenteklubben har altså bytta ut broderi og strikking
med eit privat «Live Aid», og det kan bli krona med jentetur til Afrika neste år.

– Kvifor dette engasjementet?
– Kvifor ikkje? er det raske motspørsmålet frå jentene.
– Vi er ressurssterke jenter frå Stranda, med ein god skulegang og fin oppvekst. Kvifor skulle ikkje vi gjere ein liten innsats? I tillegg er det ei flott utfordring for oss, og vi blir litt meir medvitne, seier ChristinaAasen.

Engasjert
Engasjementet har jentene hatt med seg lenge. Heilt sidan Marita lånte nabohunden for å arrangere Circus Milano til inntekt for gatebarna i Brasil.

– Vi fekk inn eit par tusen kroner den gong, smiler Marita.
No er det neste generasjon som arvar engasjementet. Katrine Bjørstad Langlo seier sonen blei overraska over å høyre at 280 elevar delte eit klasserom i Afrika.

– Det er stor kontrast til første skuledag på Ringstad skule. Han meinte vi burde selje meir enn sveler og kaffi på standen vår under Strandadagane, slik at dei også får ein betre skule, seier Katrine.

Under Strandadagane får jentene sjansen til å engasjere fleire av sambygdingane.

– Då står vi klar til å fortelje om prosjektet. Fordelen med å gjennomføre ein innsamlingsaksjon
slik vi gjer det, er at vi heile tida kan informere om framgangen og korleis pengane blir brukt, forklarar Maiken Kjølås.

Oppdatert på nett
Prosjektet hadde eit par hundre vener på internett berre eit par timar etter at oppretta ein Facebookside. I tillegg har jentene laga ei opa side på internett (www.littlestranda.blogspot.com), der alle som er interessert kan følgje solidaritetsprosjektet.

– Det er lettare å engasjere seg når det blir konkret og nærare, og ein får eit litt breiare perspektiv på verda enn berre å sjå den gjennom nyheitsinnslag på tv, seier Marita.

– Eg kan bli veldig engasjert av tv-innslag. Av og til for mykje, smiler Katrine.
Difor er ho spent på korleis ho vil reagere om dei får realisert målet om å reise til Dobota i Zimbabwe neste år.

– Eg trur eg treng å psyke meg opp i god tid før vi reiser. Det vil vere spennande å sjå kva vi får gjort med dei pengane vi samlar inn, og det er også vere kjekt å vise dette til dei som følgjer prosjektet på internett, smiler Katrine.

Men først skal dei samle inn pengar, mange pengar.

– Vi skal tigge skamlaust dette året, og vi skal gjere det vi kan for å vere synleg, smiler Maiken Kjølås.

torsdag 20. august 2009

Begivenhetsrik dag...

I dag hadde "Strandafløyen" av Little Stranda møte med ein journalist fra Sunnmøringen, som ville lage ei reportasje om oss. Denne blir å lese i ei av avisene komande veke, spennande! 
Tilstades var Maiken, Christina, Marita og Katrine (underteikna). Han var mest interessert i KVIFOR vi gjer dette, og vi svarte etter beste evne... Forhåpentligvis blir dette ein fin måte å bli presentert på, målet er jo sjølvsagt at flest mogleg får vite om oss, og vil støtte LittleStranda-prosjektet. 

Elles så har vi så vidt fått begynt å planlegge vår "kickoff-fest" på Stranda: Veldedighetsfest 10. oktober. Planlegginga er heilt i startfasen, så gode forslag til underholdning, innslag og andre tips blir godt mottatt. Men moro skal det jaggu bli - og det til eit kjempebra formål!! Betre kan det vel ikkje bli.....?! 

Pengane har allereie begynt å tikke inn på kontoen vi har i Sabona, og det er gledeleg. Vi har eit veldig nært og godt samarbeid med Sabona, og dei har stor tiltru til oss og prosjektet vårt! Vi er glade over å ha kome igang, og det gler oss å få så mange positive tilbakemeldingar som vi har fått hittil. 

Nokrer bedrifter har allereie blitt med på å støtte prosjektet vårt! Vi har fått ymse materiale til standen vår på Strandadagane, samt flygeblad sponsa av: 

Maxbo Sykkylven, 
B.S. Aure Jernia i Sykkylven,
Stranda bok- og kontorservice,
CC reklame på Ikornnes, 
Trygg Trykk på Hellesylt

TUSEN TAKK for støtta!! :) :) 
Vi kjem til å "fri" til fleire bedrifter i næraste framtid, oppdatering følger.....

Marita dreg snart ut i den store vide verda for ei stund, ho blir vekke ca. 3 månader . Så langt har ho lagt ned ein   k j e m p e i n n s a t s   for Little Stranda, og vi gler oss til ho kjem tilbake i november! Vi kjem til å savne deg Marita <3

Skrive av Katrine





lørdag 8. august 2009

Hvem, Hva, Hvorfor?

Little Stranda
Small effort – big difference!

En vakker dag i Industrigata i Oslo møter jeg en av mine gode venninner. Plutselig spør hun meg ”Du, skal vi bygge en skole i Afrika?” ”Ja, for en kjempeide!”, svarer jeg.

Så begynte ballen å rulle.

Vi er en gjeng sunnmørsjenter som er bosatt i Oslo og på Sunnmøre, som har holdt sammen siden barndommen. For en tid tilbake startet vi en klubb sammen. Strandaklubben var egentlig bare en unnskyldning for å samles til skravl og moro, og for å fortsatt beholde kontakten oss i mellom. Etterhvert som tiden har gått, har det blitt turer i inn-og utland og ikke minst planlegging av vårt nye og store prosjekt; ”Little Stranda”.

Navnet ”Little Stranda” var et forslag fra en av klubbjentene. Siden vi er en gjeng ekstrempatrioter som elsker hjembygda vår måtte navnet inneholde Stranda. Little Stranda er altså et godt navn vi mener hyller vår lille hjembygd.

For mange høres dette kanskje dumt og vanskelig ut. Mange spør oss om hvorfor vi gjør dette. Vi ønsker heller at folk skal tenke som oss og spørre seg selv – ”Hvorfor ikke gjøre det?” Vi er en gjeng oppegående jenter som har et ønske om å hjelpe andre, samt å utfordre oss selv, så hvorfor ikke gjøre et forsøk.
Helt siden vi var barn har vi hatt en liten veldedighetsspire i oss. For over 15 år siden arrangerte vi sirkus i hjembygda og overskuddet av pengene gikk til gatebarn i Brasil. Vi vil derfor nå ta opp tradisjonen ved å gjøre noe sammen som kan føre til noe godt for andre. Ved å ha skolegang og utdanning mener vi at barn har større muligheter for å nå sine drømmer.

Vår ide og vårt ønske er å kunne samle inn penger til å ruste opp, vedlikeholde og bygge nye klasserom på en skole i Dopota, Zimbabwe. Dette ved hjelp av goodwill fra familie, venner, bekjente, bedrifter og folk ellers. Vi ønsker å gjennomføre sosiale tilstelninger, og skape noe som vil engasjere andre, slik at vi sammen kan bidra til å nå et felles mål.

Vår samarbeidspartner Sabona (http://www.sabona.no/)
Sabona er en grasrotorganisasjon som utfører diverse prosjekter i Zimbabwe. Hovedfokuset er hjelp til selvhjelp, få mellomledd og direkte kanalisering av midler. Lokalbefolkningen er med på prosjektene fra begynnelsen av, og er dermed med på å gå veien selv. At pengene går direkte til prosjektet og dermed havner der de trengs, er noe vi i Strandaklubben ser på som svært viktig. Vi er opptatt av å hjelpe, men også bygge opp noe som kan være langsktig.

Gjennom denne bloggen vil dere kunne følge med på utviklingen og gjennomføringen av ”Little Stranda.” Her kommer nyheter, invitasjoner, oppfordringer, utfordringer, bilder og generell informasjon om prosjektet. Det hele handler om å skape engasjement, utveksle kunnskap, og om å bidra til å hjelpe. Ved å hjelpe oss, hjelper dere andre til å nå sine drømmer. Vi håper at så mange som mulig vil åpne sine sinn, og tørre å bidra med litt for å skape en stor forskjell!

-Strandajentene