mandag 14. september 2009

Heimeside

Vi har no fått oppretta ei heimeside, med veldig god hjelp av Mats Johansen. Tusen takk for hjelpa, sida vår blei kanonbra! :)

Følg oss vidare på:                 www.littlestranda.com 

søndag 6. september 2009

Strandadagane vart ein stor suksess

Strandadagane vart ein stor suksess for Little Stranda. Vi hadde stand laurdag, med salg av sveler og kaffi og bøsser til å samle inn pengar i. Sluttsummen er vi kjempefornøgd med: Vi fekk inn heile 10.500 kroner!! Dette er heilt fantastisk, og tusen hjerteleg takk til alle bidragsytarane. Oppmøtet på standen vår var langt over det vi hadde forventa oss på førehand, og vi fekk massevis av positive tilbakemeldingar. Blant dei var det ein mann som sa til oss at "Dette prosjektet er det beste som har vore blant unge vaksne på Stranda på mange år!" Slike ord varma langt inni hjerterota vår på ein gufsen septemberdag :)

Her ser de eit bilde av ein av grunnane til den store suksessen vår: Steikje gode sveler! Alle ingrediensane til standen vår (bortsett fra batch nummer 2 av svelerøra som Kari Janne kom med.....) er sponsa av Rema 1000 på Stranda. Tusen takk!

Vi hadde ambisjonar om å kanskje selge 60 sveler + kaffi, dette anslaget viste seg å vere skrekkelig feil! Vi solgte antakeligvis meir en dobbelt så mykje, og måtte faktisk ringe Katrine si stemor Kari Janne for å få ho til å komme med meir røre. Ho redda på mange måtar dagen vår, for det hadde blitt litt pinleg å gå tom klokka 13.... Klokka 15 var runde nummer to utsolgt, og da ga vi oss for dagen. Masse liv og røre i sentrum denne dagen, så det var nok fleire enn oss som gjorde det godt under Strandadagane. Godt gjort Stranda!!

Standen vår var grønn og fin, som seg hør og bør :) Fantastisk fint banner med logoen vår, laga av CC Reklame på Ikornnes.


2 av oss 3 som gjorde ein bra innsats på standen vår, Christina til venstre og Maiken. 

Heimesnikra tavle for høvet. Maxbo i Sykkylven sponsa huntonittplata, og Stranda bok og kontorservice sponsa tavlemaling. B.S.Aure Jernia i Sykkylven bidrog med kritt. Mange takk til dokke.

Nokre av mødrene våre kom også og støtta!

Maiken og Katrine kan glade konstatere at dagen har vore suksessfull! 
Benjamin ville også hjelpe til med å samle inn pengar :)

I tillegg vil vi takke Nils Einar som til beins henta mykje stein til oss! Utan han så hadde kanskje standen vår havna på fjorden :)

Vi fekk dessverre ikkje tatt bilder når det var mest liv rundt standen vår, men periodevis hadde vi veldig mange i kø for sveler, og det var full rulle! Vi hadde det veldig kjekt, og kunne raskt konstatere at dette skal gjentakast. Kanskje vil vi lage til noko liknande under Alperittet?

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM BIDROG TIL Å GJERE DETTE TIL EIN FANTASTISK DAG FOR OSS I LITTLE STRANDA! VI SETT STOR PRIS PÅ STØTTA, OG ER VELDIG STOLTE AV HEIMBYGDA VÅR :)  

onsdag 2. september 2009

Strandadagane nærmar seg...

Strandadagane nærmar seg med stormskritt, og vi er klare! Vi skal ha stand på Sløgstad laurdag, og håper på godt oppmøte. Gruppa vår på Facebook tyder i alle fall på at det ikkje manglar engasjement ute i bygda vår, og elles rundt om i landet. Vi er veldig takknemlige for alle dei positive tilbakemeldingane vi stadig får, det gir oss ekstra motivasjon! Men sjølv om vi no har runda 520 medlemmer på Facebook, så er det ikkje store endringane på kontoen vår, så vi har enno ein verkeleg lang veg å gå. Men vi vil gjere så godt vi kan laurdag for å snakke om prosjektet vårt, så vi håper fleire vil sjå at dette er ei kjempegod sak å støtte, og legge igjen litt pengar på bøssa - eller overføre på nettbanken. (Vi kjem til å dele ut flygeblad med kontonummeret vårt som er: 1254.20.44886, samt ein kortfatta presentasjon av Little Stranda og Sabona, samarbeidspartneren vår.) Håper mange tek turen bortom og slår av ein prat på laurdag, ingen er forplikta til å gi ei einaste krone! Vi skal også selge sveler og kaffi på standen vår.

Vi har fått eit par spørsmål i etterkant av artikkelen i Sunnmøringen, som går på det som var skrive om at vi ville reise til Zimbabwe for å sjå etter at prosjektet er sluttført. Vi vil no nytte høvet til å presisere at dersom denne reisa blir gjennomført i det heile tatt, så går det SJØLVSAGT av vår eiga lomme, og ikkje ei krone av dei innsamla midlane. Alle som støtter prosjektet vårt, kan føle seg trygge på at kvar ei krone kjem denne skulen til gode, uten dyre mellomledd og administrasjon. Derfor: DET NYTTER Å GI!!! Det er ein av mange gode grunnar til at vi valde å samarbeide med nettopp Sabona; dei jobbar på grasrotnivå, dei er tilstades i Zimbabwe, og pengane blir brukt på det dei meiner er aller mest naudsynt, i tett samarbeid med lokalbefolkninga der. Vi vil råde alle til å sjekke ut Sabona sine nettsider (www.Sabona.no). Dei er under oppdatering, men de vil finne mykje informasjon om ulike prosjekt dei har og har hatt i Zimbabwe. 

Vi sjåast i sentrum på laurdag!! :)

Skrive av Katrine