Tilstades var Maiken, Christina, Marita og Katrine (underteikna). Han var mest interessert i KVIFOR vi gjer dette, og vi svarte etter beste evne... Forhåpentligvis blir dette ein fin måte å bli presentert på, målet er jo sjølvsagt at flest mogleg får vite om oss, og vil støtte LittleStranda-prosjektet.
Elles så har vi så vidt fått begynt å planlegge vår "kickoff-fest" på Stranda: Veldedighetsfest 10. oktober. Planlegginga er heilt i startfasen, så gode forslag til underholdning, innslag og andre tips blir godt mottatt. Men moro skal det jaggu bli - og det til eit kjempebra formål!! Betre kan det vel ikkje bli.....?!
Pengane har allereie begynt å tikke inn på kontoen vi har i Sabona, og det er gledeleg. Vi har eit veldig nært og godt samarbeid med Sabona, og dei har stor tiltru til oss og prosjektet vårt! Vi er glade over å ha kome igang, og det gler oss å få så mange positive tilbakemeldingar som vi har fått hittil.
Nokrer bedrifter har allereie blitt med på å støtte prosjektet vårt! Vi har fått ymse materiale til standen vår på Strandadagane, samt flygeblad sponsa av:
Maxbo Sykkylven,
B.S. Aure Jernia i Sykkylven,
Stranda bok- og kontorservice,
CC reklame på Ikornnes,
Trygg Trykk på Hellesylt
TUSEN TAKK for støtta!! :) :)
Vi kjem til å "fri" til fleire bedrifter i næraste framtid, oppdatering følger.....
Marita dreg snart ut i den store vide verda for ei stund, ho blir vekke ca. 3 månader . Så langt har ho lagt ned ein k j e m p e i n n s a t s for Little Stranda, og vi gler oss til ho kjem tilbake i november! Vi kjem til å savne deg Marita <3
Skrive av Katrine
Kjempebra arbeid av avdeling Stranda! Oss nede i Oslo-bygda gleda oss til å lese innlegget i Sunnmøringen!
SvarSlettTusen takk!!! <3<3<3
SvarSlettGleda meg til å kome heim!!:)
Marita