onsdag 26. august 2009

Artikkel fra Sunnmøringen 26.08.09

Her er resultatet av intervjuet vi hadde forrige uke med Sindre Omenås i Sunnmøringen.

Vi fekk oppslag på førse side og heile side 3. Håper så mange som mulig vil besøke Standen vår på Strandadagane 4.-6.september.

– Vårt Live Aid

Sju jenter frå Stranda har starta innsamlingsaksjon for å byggje ein skule i Afrika. Prosjektet kallar dei «Little Stranda».Veninnegjengen seier dei vil tigge skamlaust det neste året, for å nå målet om å restaurere ein skule for rundt tre hundre barn i
Zimbabwe.

– Vi skal setje Stranda på kartet, men då treng vi hjelp av mange gåvmilde strandarar, seier Marita Solli (t. v.), Katrine Bjørstad Langlo, Christina Aasen og Maiken Kjølås.


Ein veninnegjeng frå Stranda har starta eit prosjekt dei kallar «Little Stranda», der dei vil skape
ein god skule for rundt 300 elevar i Dobota i Zimbabwe.

Det starta som ein ide, som etter kvart har vekst seg så stor at jentene ikkje våger å seie kor mykje dei har sett som mål å få inn i løpet av denne private innsamlingsaksjonen.

– No skal vi bruke alle midlar for å samle inn mest mogleg fram til neste sommar. Så får vi til slutt vurdere kor mykje vi får gjort ved skulen i Zimbabwe, seier Marita Solli.

Sjølv om jentene samarbeider med den veldedige organisasjonen Sabona, er dette eit prosjekt der jentene frå Stranda har full regi over.

– Little Stranda har eigen konto, og det er vi som avgjer korleis pengane blir brukt. Fordelen med å samarbeide med ein mindre organisasjon som Sabona, er at vi kjem tett på prosjektet og at vi er trygge på at alle pengane vi samlar inn går til denne skulen, seier Solli.

Ressurssterke
Ho er ei av dei sju jentene som står bak dette solidaritetsprosjektet. Marita Solli, Live Slettvoll Myklebust, Anette Døving og Stine Giskehaug bur i Oslo, medan Christina Aasen, Katrine Bjørstad Langlo og Maiken Kjølås er tilbake på Sunnmøre.

– Det starta som ein Strandaklubb, for å sikre at vi klarte å halde den gode kontakten vi har i dag, forklarar jentene. Den moderne jenteklubben har altså bytta ut broderi og strikking
med eit privat «Live Aid», og det kan bli krona med jentetur til Afrika neste år.

– Kvifor dette engasjementet?
– Kvifor ikkje? er det raske motspørsmålet frå jentene.
– Vi er ressurssterke jenter frå Stranda, med ein god skulegang og fin oppvekst. Kvifor skulle ikkje vi gjere ein liten innsats? I tillegg er det ei flott utfordring for oss, og vi blir litt meir medvitne, seier ChristinaAasen.

Engasjert
Engasjementet har jentene hatt med seg lenge. Heilt sidan Marita lånte nabohunden for å arrangere Circus Milano til inntekt for gatebarna i Brasil.

– Vi fekk inn eit par tusen kroner den gong, smiler Marita.
No er det neste generasjon som arvar engasjementet. Katrine Bjørstad Langlo seier sonen blei overraska over å høyre at 280 elevar delte eit klasserom i Afrika.

– Det er stor kontrast til første skuledag på Ringstad skule. Han meinte vi burde selje meir enn sveler og kaffi på standen vår under Strandadagane, slik at dei også får ein betre skule, seier Katrine.

Under Strandadagane får jentene sjansen til å engasjere fleire av sambygdingane.

– Då står vi klar til å fortelje om prosjektet. Fordelen med å gjennomføre ein innsamlingsaksjon
slik vi gjer det, er at vi heile tida kan informere om framgangen og korleis pengane blir brukt, forklarar Maiken Kjølås.

Oppdatert på nett
Prosjektet hadde eit par hundre vener på internett berre eit par timar etter at oppretta ein Facebookside. I tillegg har jentene laga ei opa side på internett (www.littlestranda.blogspot.com), der alle som er interessert kan følgje solidaritetsprosjektet.

– Det er lettare å engasjere seg når det blir konkret og nærare, og ein får eit litt breiare perspektiv på verda enn berre å sjå den gjennom nyheitsinnslag på tv, seier Marita.

– Eg kan bli veldig engasjert av tv-innslag. Av og til for mykje, smiler Katrine.
Difor er ho spent på korleis ho vil reagere om dei får realisert målet om å reise til Dobota i Zimbabwe neste år.

– Eg trur eg treng å psyke meg opp i god tid før vi reiser. Det vil vere spennande å sjå kva vi får gjort med dei pengane vi samlar inn, og det er også vere kjekt å vise dette til dei som følgjer prosjektet på internett, smiler Katrine.

Men først skal dei samle inn pengar, mange pengar.

– Vi skal tigge skamlaust dette året, og vi skal gjere det vi kan for å vere synleg, smiler Maiken Kjølås.

1 kommentar:

  1. Vi var svært nøgde med artikkelen. Fikk mykje spalteplass og heile tre bilder. No får vi berre satse på at folk blir inspirert av prosjektet og støtter oss!

    -Marita

    SvarSlett