onsdag 2. september 2009

Strandadagane nærmar seg...

Strandadagane nærmar seg med stormskritt, og vi er klare! Vi skal ha stand på Sløgstad laurdag, og håper på godt oppmøte. Gruppa vår på Facebook tyder i alle fall på at det ikkje manglar engasjement ute i bygda vår, og elles rundt om i landet. Vi er veldig takknemlige for alle dei positive tilbakemeldingane vi stadig får, det gir oss ekstra motivasjon! Men sjølv om vi no har runda 520 medlemmer på Facebook, så er det ikkje store endringane på kontoen vår, så vi har enno ein verkeleg lang veg å gå. Men vi vil gjere så godt vi kan laurdag for å snakke om prosjektet vårt, så vi håper fleire vil sjå at dette er ei kjempegod sak å støtte, og legge igjen litt pengar på bøssa - eller overføre på nettbanken. (Vi kjem til å dele ut flygeblad med kontonummeret vårt som er: 1254.20.44886, samt ein kortfatta presentasjon av Little Stranda og Sabona, samarbeidspartneren vår.) Håper mange tek turen bortom og slår av ein prat på laurdag, ingen er forplikta til å gi ei einaste krone! Vi skal også selge sveler og kaffi på standen vår.

Vi har fått eit par spørsmål i etterkant av artikkelen i Sunnmøringen, som går på det som var skrive om at vi ville reise til Zimbabwe for å sjå etter at prosjektet er sluttført. Vi vil no nytte høvet til å presisere at dersom denne reisa blir gjennomført i det heile tatt, så går det SJØLVSAGT av vår eiga lomme, og ikkje ei krone av dei innsamla midlane. Alle som støtter prosjektet vårt, kan føle seg trygge på at kvar ei krone kjem denne skulen til gode, uten dyre mellomledd og administrasjon. Derfor: DET NYTTER Å GI!!! Det er ein av mange gode grunnar til at vi valde å samarbeide med nettopp Sabona; dei jobbar på grasrotnivå, dei er tilstades i Zimbabwe, og pengane blir brukt på det dei meiner er aller mest naudsynt, i tett samarbeid med lokalbefolkninga der. Vi vil råde alle til å sjekke ut Sabona sine nettsider (www.Sabona.no). Dei er under oppdatering, men de vil finne mykje informasjon om ulike prosjekt dei har og har hatt i Zimbabwe. 

Vi sjåast i sentrum på laurdag!! :)

Skrive av Katrine


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar